Samlaget 2025
Ida frå Oskar og eg : alle plassene vi er (2023) fortel vidare frå livet sitt med lillebror Oskar. Det er artige hendingar, gøyale replikkar, fart og hu og hei - ja, rett og slett mykje som skjer rundt desse to. Særleg Oskar er ein person som skapar drama og moro.
Begge bøkene om Ida og Oskar er koselege, underhaldande, men og tankevekkande om alvorlege ting, som dette å vera uroleg for helsa til besteforeldra, og sørge etter tapet av onkel. Det er ei stund sidan onkel døydde, men sorgen og saknet er framleis der.
Og skildringa av søskenkjærleiken er rørande.
Boka egnar seg veldig godt til høgtlesing - dette er forteljingar som både små og store kan kose seg med.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar