lørdag 28. juni 2025

«Heimkomst» av Odd Vegard Paulsen

Kagge forlag 2025

Far til Heine er død, no reiser Heine heim til mora for å delta i gravlegginga og alt anna som må ordnast når eit nært familiemedlem er gått bort. Sambuaren Solveig er høggravid og blir ikkje med.
Storesyster Hanna er sambuar med Trym; det er ein fyr Heine ikkje kan like. Ein lat slask som skuldar på dårleg helse.
Då ein gamal skulekamerat av Heine, som er lege i bygda no, plumpar ut med at Hanna stadig dukkar opp på legekontoret med blåmerke og andre tegn på muleg mishandling, er det lett for Heine å tru det aller verste om Trym. Då han så får høyre at Hanna og Trym forlovar seg, kan det halde hardt å ikkje seie eller gjere noko overilt.

Men kan det vera fleire grunnar til at Heine ikkje likar fyren Hanna legg planar om å dele livet med? Og kva var det eigentleg som skjedde på båtturen Hanna og Heine var med på med faren den gongen; var no faren deira så galen som alle skal ha det til?

Romanen er forfattaren sin debut, og det er eit godt arbeid. Utgangspunktet - den unge vaksne som på grunn av ei gravferd reiser attende til bygda han vaks opp - er i seg sjølv ikkje så original, men eg vart både engasjert og overraska under vegs. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar