Samlaget 2024
Romanen startar med at ein mann i 80-åra prøver å ta livet av ein jevnaldrande mann. Bitter fiendskap har bygd seg opp gjennom åra, no er grensa nådd for kva han kan tole. Korleis har det blitt slik?
Me går attende i tid til då Osvald var liten gut. Han bur i ei lita bygd i lag med mor si. Smeden Salve er næraste nabo, og Salve er den som Osvald ofte tyr til. Det finst og ein gut på skulen, Jakob, som er grei med Osvald. Elles er det få lyspunkt. Til og med mor hans er kald og uvenleg mot han, lausungen, ho slår og klyp og det er vel årsaken til at han har blomkåløyrer.
Me følgjer guten gjennom oppveksten og heilt fram til alderdommen. Forteljinga er velskriven og godt komponert, spent les eg vidare, medan eg svinger mellom håp og fortviling i lag med Osvald.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar