mandag 24. februar 2020

«Fugleguten» av Rune Belsvik

Illustrert av Sigbjørn Lilleeng
Gjeven ut av Samlaget 2019

Lukas er sikker på at mamma er meir glad i veslesystera Alma enn i han. Ikkje så rart, kanskje, for Lukas gjer av og til ting som ikkje er snilt eller bra, og då får han kjeft av pappa.
Nico er ein ven Lukas kan vera saman med, men det er ikkje alltid så greit det heller. For Nico er mykje flinkare enn Lukas, og så har han ein annan ven som gjer at Lukas kan kjenne seg til overs når også han skal vera med på leiken.

Det står ikkje kor gamal Lukas er, men skal eg gjette, så er han kanskje 5-6 år. Og han verkar veldig usikker, kjenner seg utrygg både heime og borte. Utrygg på korleis han skal te seg, kva det er greit å seie og gjera. Og då hender det at han gjer ting som ikkje er bra, utan at han eigentleg meinte det slemt, og det vankar kjeft og straff etterpå, slik som utfrysing. Det er i alle fall eit døme i boka på at Lukas må sitje på rommet sitt og ikkje få middagsmat.

Kven er målgruppa til denne romanen? Frå forlaget ser det ut til at den er retta mot ungar i alderen 9-12 år. Kan hende må dei vera såpass gamle for å skjøne eller ha interesse for den indre handlinga? Men vil ungar i 9-12 års alder vera interessert i å lesa om ein gut i 6-årsalderen?
Vaksne kan ha stort utbytte av å lese boka, og kanskje høgtlesing og samtale med born i Lukas sin alder hadde vore fint?

Eg tykkjer boka er god. Forfattaren får fint fram kor vanskeleg det kan vera å vera liten. Det er lett å tenkje at småungar ikkje har eit einaste problem i verda og null bekymringar - dei kan jo berre leike og halde på, alt blir tatt hånd om for dei. Men det er ikkje slik det er; dei små har og bekymringar og kjenner uro. Det er viktig at dei vaksne rundt fangar opp dersom borna slit med noko, og hjelper dei til å kjenne seg trygge på seg sjølv.

Merkeleg nok vart denne boka nulla av Kulturrådet, det vil seie at foreslått innkjøp av Kulturrådet vart avvist. I slike tilfelle brukar årsaken å vera at boka ikkje held god nok litterær kvalitet. Det stussar eg over, men det kan jo hende at rådet har tenkt litt i same bane som meg; kven er boka eigentleg skriven for, og av den grunn avvist ho?
Men så vart boka og nominert til Brageprisen i klassa for barne- og ungdomsbøker. Sett i lys av dette, verkar Kulturrådets avvising endå merkelegare.

Dette er ei viktig og bra bok, tykkjer eg. Men kven skal ein anbefale ho til?

Dersom du har lest boka, hadde det vore fint å høyre kva du tykkjer om spørsmåla eg stiller meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar