Viser innlegg med etiketten internett. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten internett. Vis alle innlegg

onsdag 3. desember 2025

«Mitt internett : då www kom til Noreg» av Anne Gunn Halvorsen

Samlaget 2025

Anne Gunn Halvorsen er fødd i 1984, og var i tenåra då PC-ar og internett byrja å bli vanleg i norske heimar. I boka fortel ho gjennom personlege opplevingar korleis internett vart ein viktig del av hennar oppvekst. Det er tankevekkande korleis utviklinga har vore - sett i perspektiv har utviklinga gått veldig fort. For å vera litt personleg i denne omtalen, så er eg fødd i 1966, og PC-ar var ikkje vanleg allemannseige før eg var ung vaksen. Så eg har hatt ein "gamaldags" barndom der det hende at ingenting hende med mindre ein sjøl fekk det til å hende.
Eg hugsar den fyrste PC-en eg kjøpte, det kan ha vore i -93 eller -94, den var dyr, klumpete og tok opp ganske stor plass i stova, der den sto på eit eige databord av furu(!), laga spesielt for å kunne plassere harddisk, skjerm og tastatur i høvelege høgder. Eg hadde ikkje internett på den tida, for det kunne fort bli veldig dyrt å koble seg opp med modem når minutta byrja å gå, så for meg fungerte PC-en som skrivemaskin.
Halvorsen fortel om korleis ho nytta PC-en til chatting, det var slik ho "kom seg ut i verda og møtte likesinna", oppvaksen i ei lita, avsides bygd som ho er.
Utviklinga har gått fort, ja, og mykje er endra sidan tidsepoka Halvorsen fortel frå. I dag går folk rundt med ei knøttlita datamaskin i handa (også kalla mobil), er online 24-7, blikket er i timevis vend inn i denne lille maskina, på bekostning av tida ein vender seg ut mot den verkelege verda. Neste bok Halvorsen skriv kanskje skal handle om oppveksta til barn og unge i dag? Ho kjem litt inn på det, når ho fortel om korleis ho og folk  ho kjenner strevar med å begrense skjermtida til ungane sine. Mange får mobil i handa frå dei er knøttsmå, til avledning og for å roe dei ned. Og rolige blir dei kanskje, utanpå. Men kan det hende dei blir meir urolege og forvirra inni seg? Ting kan vel tyde på det.
Det er uansett greit å vera klar over at dei som utviklar innhaldet på nettet, er ute etter tida di. Og tida di er livet ditt.

Boka er interessant kulturhistorie frå nær fortid. Frå ei tid då internett opplevdes som positivt nytt, spanande, sosialt og lærerikt.