Samlaget 2025
Miriam og tvillingsøster Malin er så like av utsjånad at det kan vera vanskeleg å skille dei frå kvarandre. Men så snart Miriam reiser seg og byrjar å gå, ser ein at det er ein sørgeleg forskjell; det feilar foten hennar noko. Då Miriam var liten, fekk ho kokvarmt vatn over foten, så den ser ikkje bra ut, og den er ikkje særleg brukbar heller, den er veik og ho er plaga med smerter.
Jentene skal snart byrje på vidaregåande, men Miriam er budd på at skulestart blir noko seinare for henne, sidan legane planlegg ein operasjon for å fikse foten.
Då Miriam og mora kjem til sjukehuset og møter spesialistane som skal operera, får ho sjokk. Dei har nemleg funne ut at å reparere foten vil vera eit dårleg val, eit sjansespel; det beste resultatet vil dei få ved å amputera, og så ordne med ei tilpassa protese.
Miriam kjenner på mange vonde kjensler ved å vera annleis på ein så negativ måte; ved å ha ein kropp som ikkje er korkje fin eller verkar som han skal. Den trivelege guten ho har møtt - Torjus - kjem han til å ville ha henne når han får vite korleis det er fatt, med amputasjon og alt!?
Denne ungdomsboka set kjensler og tankar i sving. Det er diverre slik at livet kan gi ein nokre kampar ein berre må ta, sjølv om ein helst vil sleppe. Nokre situasjonar må ein berre stå i og prøve å gjere det beste ut av. Det er tøft, vondt og trist, men boka får og fram at det uansett framleis ER mykje å glede seg over i livet.
