Gjeven ut av Samlaget 2017
Mammaen i denne boka har ein son med autisme. Det er vanskeleg å ta inn over seg kva denne diagnosa betyr, kva dette har å seie for sonens liv, for henne, mannen og syskena. Kan det no verkeleg stemme at han er autistisk? Han verka jo lenge heilt normal, hang godt med i utviklinga, for så plutseleg å miste språket og bli til ein annan, ein ho ikkje kjenner att. Kan ho verkeleg stole på fagpersonane som seier at sonen er autistisk?
Dette er engasjerande lesnad. Nilssen får fram frustrasjonane, håpløysa, fortvilinga, slitet. Det er ikkje vanskeleg å skjøne at foreldra/familien treng hjelp til å ta seg av guten; det som er vanskeleg å skjøne er kvifor det er så vanskeleg å få støtta dei treng utan dei slitsame prosessane med søknadar og etterlysingar av svar. Det er bra at nokon set lyset på det; ein kan jo håpe at dei som har makt til å gjere noko med dette, får seg ein vekkar.
Det står tydeleg på tittelbladet at dette er ein roman. Samstundes trur eg ikkje Nilssen har sagt anna enn at dette er sjølvopplevd? Eit av "krava" til romanar er at det er oppdikta, at det er fiksjon. Etter mi meining hadde det passa betre med merkelappen biografi eller fagprosa på boka.
Men konklusjonen er at Tung tids tale er leseverdig uavhengig av merkelapp.
