tirsdag 9. september 2025

«Pent porselen» av Randi Fuglehaug

Aschehoug 2025

Iselins liv er eit evig kjas og mas, med (utakknemlege) barn og mann som skal følgjast opp. Iselin kjenner at ho rett og slett er meir irritert over enn glad i ektemannen, men ikkje pokker om ho skal forlate han. Ho har sverga at det som mora gjorde mot faren skal aldri ho gjera sjølv! 
I tillegg til ein travel kvardag, er det og mykje styr med dugnader som kjem i kjølvatnet av ungane sine fritidsaktiviteter, og i romanen får vi vera med Iselin på årets store loppemarknad-dugnad.

Sarah, som arbeider som ambulansesjåfør, oppdagar at ho er gravid, og så langt komen at det er for seint å ta abort. Ho var jo bevisst at ho kasta opp eit par gonger og kanskje skulle sikra seg ekstra om p-pilla ikkje virka, og ho hadde jo kjent at det var noko med kroppen ei stund, men ho nektar for at ho har hatt ein baktanke med ikkje å sjekke dette tidlegare. At kjærasten har sagt tydeleg ifrå heilt frå starten at han ikkje er interessert i å få ungar, det er kan hende eit problem, men det kan løysast. Det MÅ løysast, for ho held ikkje ut om kjærasten forlet henne!

Berit er i sorg, djup sorg. I godt vaksen alder møtte ho Unni og dei flytta saman og hadde det heilt utruleg bra. Men så døydde Unni brått, og Berit sto lamslått attende. Ho har det så vondt. Å gå på loppemarked å kjøpe stadig fleire servise som ho ikkje treng, hjelp litt. For Unni var så glad i porselen. Når Berit handlar meir porselen, tenkjer ho på Unni og driv med noko ho tykte så godt om. Men då vaskehjelpa nektar å setje sin fot (eller mopp) innanfor døra hennar att, fordi det flyt over av serviser i heile leiligheita, byrjar Berit å forstå at ho kan trenge hjelp.

Historiene til Berit, Sarah og Iselin blir etter kvart vevde saman, på ein måte som overraska meg. Den humoristiske tona som lulla meg inn i ei trygg kjensle om at dette var triveleg underhaldning eg kunne slappe heilt av med, lurte meg til ikkje å sjå føre meg den vendinga romanen tok; for her får me etter kvart doser av stort alvor, vanskelege kjensler og tuklete liv. Eg likar å bli overraska, så for meg var dette ei verkeleg god bok.

To sitat frå eit av Iselin sine kapittel, eg har ikkje sidetalet, sidan eg leste ebok:

«... og i same augeblikk høyrer Iselin lyden av raske steg ned trappa.
- Lilly, vil du slutte i korpset? spør ho.
- Hei til deg også, seier dottera. - Eh, nei? Eg skal ikkje slutte i korpset.
Generasjon anti-ironi og lettkrenk er no nede på kjøkkenet og blir ståande midt på golvet med armane i kors.»
------------------------------------
«Iselin sukkar stille og set steikepanna på plata. Døra smekkar igjen. Så høyrer ho Martin kremte. Ho snur seg.
- Høyr, seier han.
- Kva då?
- Lyden.
- Av kva då?
- Stille. Vi er heilt åleine.
- Å ja.
Hadde berre ikkje han vore heller, tenker ho...»

2 kommentarer:

  1. Fristende omtale. Boka er nå lånt på BookBites, så takk for godt tips :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Marianne, takk for at du legger igjen en kommentar. Så hyggelig å høre at omtalen gjorde at du ble fristet til å lese. :-)

      Slett