mandag 21. juli 2025

«Sytten, snart atten» av Andrea Rudland Haave

Samlaget 2025

Mia (17, snart 18) har nyleg komme til Oslo og slit litt med å finne seg til rette i storbyen.
Ved hjelp av Tinder kjem ho i kontakt med ein mann som er ein del eldre enn henne, men han er kjærleg og fin og dei blir ganske fort eit par. Etter kvart flytter ho inn til han i leiligheita hans, og då får ho merke at han har sider som ho ikkje såg eller forsto i starten. Det som var fint og lett, er no svart og håplaust - korleis skal ho kome seg ut av dette?

Engasjerande ungdomsroman om kva uheldige ting som kan skje når ein er ung, uerfaren og svolten på kjærleik.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar