fredag 9. november 2012

«Kirsebærsnø» av Ingelin Røssland

Utgjeven av Samlaget, 2012

Mannen til Cathrine fyller 40 år, og ho har stelt i stand ein stor fest for han. Men etter som festen går sin gang, fyllest ho med dårlege kjensler. Kvifor er han ikkje meir takknemleg? Kvifor vert han ikkje med og dansar med henne? Kvifor ser han henne ikkje, berre sit der, drikk og pratar? Ein svensk dyrlege stikk innom festen, og Cathrine tykkjer han høver bra til eit forsøk på å gjera ektemannen sjalu. Svensken vil i alle fall danse, og han ser henne, verkeleg ser henne. Cathrine kjenner at det er både godt og skummelt å bli sett, for kva kan ikkje dette blikket gjera med henne? Kan ho til og med komme til å vera utru mot mannen sin?

Eg har lese nesten alle bøkene Røssland har skrive, og eg likar veldig godt både skrivemåten hennar og tema ho tek opp. Kjærleik er eit tema som opptek meg, òg det vonde og vanskelege ved kjærleiken, som: Kva skjer når kjærleiken tek slutt, og kvifor tek han slutt? Kva skjer når nokon er utru, og kvifor vel dei å vera det?
Boka tumlar om tema som kjærleik og utruskap, gjev ingen svar, men vekkjer tankar og spørsmål i meg. Det er òg slikt eg likar ved bøker – at dei får meg til å tenkje og undrast.

Dette er Røssland sin fyrste roman for vaksne, og ein merkar at ho er van med å skrive for born og unge. Denne romanen er skriven i eit lett språk, ei lett tone, og han er ikkje særleg lang.

Eg ser at forlaget lanserer romanen som ein kjærleiksroman, medan Røssland sjølv seier dette er ein underhaldningsroman eller dameroman. Dette såg eg på nettet fyrst etter at eg var ferdig med romanen, og eg må seie at eg ikkje tenkte ”sjangerroman” om denne i det heile medan eg las. Eg tykkjer underhaldningsromanar gjerne kan vera glattare og meir overflatiske enn det denne var, og eg engasjerte meg meir i hovudpersonane her, enn eg gjer om eg les berre for underhaldninga sin del. 

Eg vart oppslukt og rive med av historia, som har god framdrift. Men då eg var ferdig, var det som om eg sakna noko. Eg trur at å skrive om slike tema for vaksne krev at ein går djupare, brukar eit større lerret, rett og slett lagar ei større bok. Fyrst då kan ein få ordentleg tak på kven hovudpersonane er og finne det sannsynlege i at dei handlar som dei gjer.

Konklusjonen er likevel at eg likte boka – sjølv om ho altså for min del gjerne måtte ha vore lengre og gravd djupare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar