torsdag 15. november 2012

«Kom ikkje inn i mitt hus» av Arnfinn Kolerud

Utgjeven av Samlaget 2012

Bendik Uføre frå boka «Når ein fyrst skal skyte nokon» held fram med å kjempe for nynorsken. (Eller kampe, som einskilde ungar i boka sikkert ville sagt.) Sylvia ivrar og for nynorsken. Ein feil med Sylvia (tykkjer Uføre) er at ho er tilhengar av a-endingar, der Uføre for all del vil ha i-endingar. Uføre køyrer difor ein Toyoti, medan Sylvia køyrer ein Auda…
Men, men. Sjølv om dei er usamde i eitt og anna, samarbeider dei i denne boka – saman med eit par andre – om eit framstøt som skal fremja nynorsken – dei lanserar samlekort med tema nynorske lyrikk-forfattarar. Uføre veddar huset sitt mot Sylvias leiligheit på at han skal få heile det norske folket til å samle på desse korta – orsak: korti (!). Dei som samlar fulle album, får sjansen til å vinne flotte premiar, som eit slag yatzy mot Kulturministeren eller namnet sitt skrive i mose på eit hustak. Med så flotte premiar må då vel både diktarkorta og nynorsken vinne fram over heile landet!?

Dette er ei bok full av artige innfall og humøroverskot, og det vert mellom anna lansert ein og annan interessant konspirasjonsteori om kvifor nynorsken slit med populariteten no til dags.
Boka kallar på smilet, og inspirerar dessutan til lesing av både nynorsk litteratur generelt og nynorsk lyrikk spesielt!

Frå s 65 i boka – eit dikt av Olav H. Hauge:

Han med fekk hug å prøva

desse nye styltrone.

Han har kome seg upp,

og stig varsomt som ein stork.

Underleg, so vidsynt han vart.

Han kan endåtil telja sauene til grannen.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar