lørdag 27. oktober 2018

«Smadra» av Brynjulf Jung Tjønn

Gjeven ut av Flamme forlag 2018

Oda kjem til skulen med blåmerker i andletet.
Det er av di ho har så skrekkeleg dårleg balanse, seier ho, at ho ramlar når ho syklar.
Ingen veit kva den eigentlege grunnen til blåmerka er.
Ikkje læraren, heller ikkje far eller bestevenen Milad.

Historia om Oda fenga frå fyrste side. Løyndomen til Oda er vond og ufatteleg. Det handlar om vald i nære relasjonar. Eg som les får med ein gong vite kven i Odas liv som står bak valden, men det er forståeleg at dette må verke heilt usannsynleg for dei som står rundt. Eg forstår kvifor Oda ikkje vil seie noko til nokon. Eg kjenner kor redd og åleine ho er.

Dette er ein lettlest ungdomsroman, gjeven ut med støtte frå Leser søker bok.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar