Samlaget 2026
Johanne er odelsjente frå ein gard på Vestlandet, men har flytt derifrå for mange år sidan og har tilhald i Oslo. Kvar vår dreg ho heim for å hjelpe mora med lamminga. I denne sakprosaboka får vi vera med på dette eit år; desse tolv dagane i april, der Johanne og mora vekslar på å vake om nettene for å passe på sauene, og hjelper kvarandre med dei vanskelegaste tilfella.
Johanne veit at det nærmar seg eit punkt då mora ikkje kjem til å orke stellet av garden lenger, og Johanne må ta ei endeleg avgjerd - skal ho ta over garden, eller vil ho helst bli verandre med livet ho har bygd seg i byen?
Boka er lettlest og interessant på fleire plan. Er du nyfiken på korleis det kan opplevast å vera med i lamminga på ein liten gard, eller korleis det kjennest å bli riven mellom to ulike tilværelsar/verdar, så kan dette vera ei bok for deg.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar