Aschehoug 2024
Trond er hovudpersonen og fortel sjølv i denne romanen. Han er fødd på 1970-talet i Namsos. Faren var kommunist og arbeidde på saga, medan mora kom frå ein heim med strengt kristne foreldre, og jobba som hjelpepleiar.
Trond valde å studere, fekk seg etter kvart kone og ungar og bygde seg eit greit middelklasseliv i byen, det vil seie Trondheim. Men no er han skilt og har mista jobben, døtrene ser han sjeldan og det er vanskeleg å forstå seg på dei og livet dei fører. Kva var det eigentleg som skjedde? Korleis gjekk det til at han mista grepet om seg sjølv og det livet han hadde?
Gjennom romanen får forfattaren vist kor mykje samfunnet har endra seg sidan 1970, og kor krevande dette kan vera for menneska som må henge med på endringane, endringar som kanskje kjem stadig fortare og er stadig større.
Trond fortel ikkje kronologisk, men rører saman ingrediensane ved å veskle mellom hendingar i notid, med hendingar i barndom, ungdom og tidleg vaksenliv.
Her kjem det fleire bøker, og det blir interessant å lesa vidare om Trond, folk rundt han og samfunnet han (og vi) har levd og lever i.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar