onsdag 29. mai 2024

«Året har tretten netter» av Mette Karlsvik

Samlaget 2024

Mette matcher med M på Tinder, og han gjev umiddelbart uttrykk for interesse. Etter ei tid med intens meldingsutveksling, avtaler dei eit møte heime hjå han. Ho kan ta med pysj, seier han.
Her startar eit forhold basert på relativt sjeldne møter - eit forhold som Mette strevar med. Kva vil han? Kva vil ho? Synes han at ho er fin? Like fin som ho synes han er?
Då eitt år har gått, har dei delt tretten netter.

Mette reflekterer ein heil del over forholdet mellom dei, tenkjer mykje attende på tidlegare forhold til andre menn, forholdet sitt til dottera A, forholdet til foreldra, og det ho har gjennomlevd av spiseforstyrring og psykiske vansker.

Romanen er lettlest sjølv om tema er tungt; det er godt flytande språk og korte kapittel.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar