onsdag 6. mars 2024

«Nære relasjonar» av Maria Tryti Vennerød

Bonnier norsk forlag 2023

Are har lova seg sjølv at no skal han ta seg ei lang pause frå damer. Men så dukkar Kine opp, ei jente han hugsar godt frå tida på vidaregåande. Den gongen hadde han eit særs godt auge til henne, utan at det vart til noko. Det skjer det som ofte hender; dei to finn tonen. Snart er dei kjærastar og sambuarar, alt er fryd og gaman. Sjølv det at Kine gjev han ein skikkeleg kilevink ein dag, er slikt dei pratar ut om og kjem over. Faktisk kjennest det vel som dei blir endå tettare knytta til kvarandre av ei slik hending.
Men er det sikkert at dette slaget er ei eingongshending?
Er det rett å føye seg og tilgi absolutt alt partnaren gjer av ubegripelege og slemme ting?
Er det slik at kjærleiken toler alt?

Dette er  utfordrande og vond lesing, men viktig. Det finst grenser for kva ein skal tole av partnaren i eit parforhold, men det kan vera særs vanskeleg å sjå desse grensene sjølv, når ein står midt i det. Dette får boka fram på ein engasjerande og tankevekkande måte.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar