Bendik Uføre frå boka «Når ein fyrst skal skyte nokon» held
fram med å kjempe for nynorsken. (Eller kampe, som einskilde ungar i boka
sikkert ville sagt.) Sylvia ivrar og for nynorsken. Ein feil med Sylvia (tykkjer Uføre) er at ho er tilhengar av a-endingar, der Uføre for all del vil ha i-endingar. Uføre køyrer difor ein
Toyoti, medan Sylvia køyrer ein Auda…
Men, men. Sjølv om dei er usamde i eitt og anna, samarbeider dei i
denne boka – saman med eit par andre – om eit framstøt som skal fremja
nynorsken – dei lanserar samlekort med tema nynorske lyrikk-forfattarar.
Uføre veddar huset sitt mot Sylvias leiligheit på at han skal få heile det
norske folket til å samle på desse korta – orsak: korti (!). Dei som samlar fulle
album, får sjansen til å vinne flotte premiar, som eit slag yatzy mot
Kulturministeren eller namnet sitt skrive i mose på eit hustak. Med så flotte
premiar må då vel både diktarkorta og nynorsken vinne fram over heile landet!?
Dette er ei bok full av artige innfall og humøroverskot, og det vert
mellom anna lansert ein og annan interessant konspirasjonsteori om kvifor
nynorsken slit med populariteten no til dags.
Boka kallar på smilet, og inspirerar dessutan til lesing av
både nynorsk litteratur generelt og nynorsk lyrikk spesielt!
Frå s 65 i boka – eit dikt av Olav H. Hauge:
Han med fekk hug å prøva
desse nye styltrone.
Han har kome seg upp,
og stig varsomt som ein stork.
Underleg, so vidsynt han vart.
Han kan endåtil telja sauene til grannen.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar