▼

torsdag 18. mai 2023

«Trollmoll» av Åshild Moldskred

Samlaget 2023

Birk og mora flytter til den forblåste øya Føyk for å bu i lag med morfar. 
Dei har ikkje vore lenge på den nye staden, før Birk byrjar oppleve mystiske ting. På soverommet sitt kan han av og til kjenne lukta av råttent kjøt, og Tiger (katta) fresar og stikk av, som om ho fekk ferten av noko både skremmande og motbydeleg.
Nabojenta Ada er interessert i historie, og kan fortelja Birk ei gamal soge om eit spøkelse som tek livet av born. No kan det verka som spøkelset har sett seg ut Birk. Så, er Birk verkeleg i fare? Og er det eventuelt noko som kan gjerast for å hindre at spøkelset får gjort som det har planlagt?

Eg kan godt like historier om overnaturlege ting, men denne soga var litt i overkant innfløkt. Eg fekk ikkje heilt til å tru på det. Men det kan hende at ungane i rett alder er flinkare til å leva seg inn i det, og underhaldande var det jo.
For gutar og jenter frå ca 9 år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar