Oktober forlag 2023
Ragna bur i Trondheim med kjærasten Lars, men bestemmer seg for å flytte til Hjerkinn då ho får jobben som kommunikasjonsansvarleg i Norsk villreinsenter. Kanskje Lars på sikt kan tenkje seg å flytte etter?
Ragna får snart ansvar for ei stor oppgåve, nemlig skriving av ein NOU om villreinen og fjellet si etiske stemme. Kollegaene er sikre på at dette blir nok ein rapport for skrivebordskuffa, men Ragna vil lage eit dokument med politisk sprengkraft. Ho held og innlegg på eit seminar der ho får flagga nokre av ideane sine, og merkar snart at ikkje alle ser med blide auge på korkje haldningane hennar eller målet ho set seg for NOU-en.
Tilveret på Dovrefjell får og minne om hendingar frå fortida opp i lyset, så her får Ragna litt av kvart å baske med.
Dette er ein godt skriven roman om natur, politikk, kjærleik og konspirasjonar. Her er både god driv, spenning og humor. Ja, dette var ei skikkeleg slukebok!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar