▼

tirsdag 1. oktober 2024

«Berre bønder lengtar heim» av Are Kalvø

Kagge forlag 2024 

Are skal ein gong for alle finne ut om by eller land er best. Han skal bu ei periode i Noregs minste kommune - Utsira, og så ei periode i ein av Europas største byar, nemleg London. Slik skal by og land samanliknast. Metoden som nyttast er eit såkalla TOMFF-skjema, der det blir gitt poeng med omsyn til Tryggleik, Opplevingar, Meining, Folk og Fridom.
Han har med seg sambuaren sin, i boka kalla Kontaktsøkaren. Opplevelsane deira er humoristisk dokumentert i denne boka.

Eg trur mange kan kjenne seg att i temaet. Mange har budd både i by og på landet, eller i noko midt imellom, og mange har antakeleg dragning til den eine eller andre staden. Det er vel ein grunn til at så mange nordmenn har hytte?

Det er ikkje så ofte eg ler høgt når eg les bøker, men Kalvø får meg til å le godt fleire gonger.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar