▼

tirsdag 8. februar 2022

«Fengselsprestens krig : dagboka til ein meinig prest i Den norske kyrkja 1940-1948» av Olav Norheim

Sandnes forlag 2022

Bjarne Norheim (1905-1991) var under krigen kapellan i Eidskog og Lillehammer. Han vart passa på av nazivenlege leiarar i kyrkja og anna øvrigheit; det var splid i den norske kyrkja under krigen, dei i kyrkja som held med okkupasjonsmakta sørga for at dei som held seg meir lunkne til ideologien, ikkje sa eller gjorde noko som streid mot makta sitt tankegods. Norheim opplevde å bli arrestert og forhøyrd, seinare sloppe fri, men med meldeplikt i ei periode etter arrestasjonen.
Etter krigen vart Bjarne Norheim fengselsprest, og kom då i nær kontakt med fangar som var dømt for landssvik. Mellom anna var han til stades då Arne Saatvedt vart avretta ved Akershus festning, i oktober 1945, for Saatvedt ønska at fengselspresten skulle vera der. Hendingane under og etter krigen var noko som prega Norheim; mange av opplevingane var tunge å stå i der og då det skjedde, men og tunge å ha med som minner seinare i livet.

Bjarne Norheim førte dagbok, og det er denne Olav Norheim har skrive inn i ein samanheng. Det handlar om striden innad i kyrkja, den spende stemninga i bygda der ein ikkje visste heilt kven ein kunne stole på, og så det store oppgjeret etter krigen, der sinne og hevntrong gjorde at nokre landssvikarar kan hende vart dømt i strengaste laget.

Olav Norheim er son til Bjarne, men forfattaren presiserar at det er presten Norheim han skriv om her.

Eg kjenner Olav Norheim; han har gjeve ut ei rekkje bøker og er aktiv skribent i aviser og tidsskrift. Eg fekk eit eksemplar av boka av han, så eg skulle få lesa. Norheim skriv godt og tema er interessant, så dette var ei god leseoppleving.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar