Oktober forlag 2021
Hovudpersonen i denne romanen flytter heim til garden han kjem ifrå etter at faren er død. Han vil drive garden vidare. Han kjenner det som ei plikt.
Dette er ein kort roman, berre 135 sider, og det står lite på mange av sidene. Likevel får forfattaren sagt mykje, eller skal ein seie: skissert eit ganske tydeleg bilete av korleis den unge mannen får det når han set i gang med arbeidet på garden. Arbeid han på ein måte kjenner veldig godt, på ein annan måte ikkje.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar