▼

tirsdag 31. juli 2018

«Gratis og uforpliktande verdivurdering» av Marit Eikemo

Gjeven ut av Samlaget 2018

Hanne og Andreas har nokre år bak seg i leiligheita dei kjøpte medan dei endå var nyforelska og barnlause. Med åra som har gått har dei fått Sverre og Sanne, og leiligheita er vorten litt trong, tykkjer Hanne. Så dukkar draumehuset opp, det ligg i Lerkeveien. Hanne og Andreas har ein gong før prøvd å vinne bodrunde om eit hus i same strøket, men då vart huset altfor dyrt for dei. No vil dei førebu seg godt. Dei får ny takst på leiligheita som dei tek med seg til banken, i von om å kunne få tilsagn om større lån enn sist dei baud.
Medan dei tenkjer på dette nye huset, blir det til at dei og ser tilbake på samlivet så langt - å bryte opp og flytte, kva kan det føre med seg? Det er som dei gjer opp status også på samlivet sitt og kva det kan vera verd, det er ikkje berre leiligheita som blir sett over og vurdert.
Det viser seg at Hanne har halde ting hemmeleg for Andreas, men no kjem sanninga fram. Korleis taklar han å få den midt i fleisen, skal tru?

Eg leste boka med interesse. Sjølv om eg forlengst er ferdig med tilveret då kvart minutt av dagane var belagt med jobb, ungar og husarbeid, kan det vera bra å bli minna på korleis det fortonte seg - for eit slit det eigentleg var. Beskrivinga av korleis eit slikt liv artar seg er til å kjenne att. Og måten forfattaren har bygd opp historia, er mesterleg - eg måtte berre lese vidare, vart veldig spent på korleis dette skulle ende.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar