I romanen får me følgje tett ekteparet Sofie og Otto sju
dagar i august. Det er åtte år sidan dotter hennar døydde, ei dotter ho hadde
frå fyrste ekteskap, men som Otto og hadde levd i lag med og var nær knytt til.
Medan eg les opplever eg kor vond og vanskeleg sorgen har vore, og framleis ER, slik dei må takle ho kvar for seg - og saman.
Medan eg les opplever eg kor vond og vanskeleg sorgen har vore, og framleis ER, slik dei må takle ho kvar for seg - og saman.
Ein fin roman dette, lågmælt og intens. Eg skvatt litt då eg skjønte at forfattaren let Sofie si dotter døy i terroråtaket på Utøya, men eg ser det er
eit par trekk ved Sofies sinn, tankar og sorg som ho nok gjerne ville ha med, og som
var avhengig av at ho gjorde det slik.
Omslagsbiletet av Stian Hole tykkjer eg er mektig godt, med tanke på at vatn i draumespråket er eit symbol for kjensler.
Omslagsbiletet av Stian Hole tykkjer eg er mektig godt, med tanke på at vatn i draumespråket er eit symbol for kjensler.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar