onsdag 29. desember 2021

«Team Tuva» av Marit Eikemo

Samlaget 2021

Tuva er fellesnevnar, personen som dukkar opp i kvart kapittel i boka. Det startar med at me treff presten som skal stå for begravinga av mor til Tuva. Bror til Tuva hadde tenkt å ta praten med presten åleine, men så dukkar Tuva opp og set sitt preg på samtala. Deretter er det fastlegen, tannlegen, advokaten, snikkaren, trenaren, bankrådgjevaren og psykologen som står for kvar sine kapittel. Og desse personane er sterkt til stade, og får og føre fram sine historier til boka.
Det vart til slutt eit ganske stort persongalleri, og eg tenkjer at sjølv om Tuva er hovudpersonen i boka og blir beskriven frå stadig nye vinklar utover i boka, så vart eg kanskje ikkje så særleg godt kjent med henne likevel? Men det kan nett vera dette som er styrka i romanen, at Tuva heilt til slutten framstår som litt av ei gåte?

Ei lettlest og interessant bok, med ein vri som kanskje kan minne om Tiller sine Innsirkling-romanar.

2 kommentarer:

  1. Fin omtale og fin bok, jeg likte denne godt :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for kommentaren, Tine :-) Godt nytt bokår ønsker jeg deg!

      Slett