tirsdag 9. februar 2021

«Rundt jorda og tilbake» av Inger Johanne Sæterbakk

Gjeven ut av Aschehoug 2020

Jonas går i 7B. Han har ein lillebror, Andreas, som er 8 år. Då me går inn i historia er far nett flytt ut, for han har funne seg ny dame. Så mamma er åleine med gutane, og ho har det ikkje bra. Ho søv mykje, er lei seg; det kan Jonas sjå. Difor gjer han alt han kan for å gjera det lettare for henne. Han hjelper Andreas når han har tissa seg ut på natta, han smiler og prøver å sjå nøgd ut, slik at mamma ikkje skal bekymre seg, sjølv om han eigentleg er ganske lei seg, han og. Og han finn seg i det utan mukking når mamma seier rommet hans må leigast ut, for no har ho dårleg råd.
Jonas øver og på ein song som han skal framføre (sang og gitar) på konsert. Songen er det faren som har laga då han var nyforelska i mamma, og Jonas håpar mamma skal bli glad når ho høyrer nett den songen. Og dersom pappa og kjem på konserten, skal tru om ikkje dei to kan komme til å smile til kvarandre og kanskje finne saman att?

Her er det sikkert mange som kan kjenne seg att. Vonde kjensler, sorg og sakn når foreldra skil lag. Håp om at foreldra
kan finne saman att, om berre... Og om oppgåver/roller ungar legg på seg sjølv for å lette tilværet for foreldre som slit.

For gutar og jenter i alderen ca 9-13.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar