fredag 27. desember 2019

«OMG» av Ingelin Røssland

Gjeven ut av Samlaget 2019

Maria (15 år) bur med mor si, men no har mor bestemt at Maria skal bo hjå mormor ei periode fram til jul, for mor klarar ikkje halde styr på Maria - ho er for vill, festar og står i. Maria vil verkeleg ikkje til mormor, spesielt ikkje no, som ho kanskje har fått Domenic (han er over 20 år) som kjærast, men ho har ikkje noko val. På toppen av alt må ho vera hjå mormor utan mobilen sin og ho får ikkje låne mormor sin PC, så ho får ikkje fortalt Domenic kvar ho er, eller bedt han hente seg.
Opphaldet hjå mormor blir ikkje fullt så fælt som Maria har tenkt seg, og det viser seg at det finst andre kjekke gutar enn Domenic, gutar på hennar eigen alder, som får hjartet hennar til å banka utan at dei er rå i kjeften eller oppfører seg brutalt...

Denne ungdomsboka er lettlest og fengande, med ei tøff jente som hovudperson, som gjennomgår ein truverdig og positiv utvikling.

Sikkert mest for jentene, i alderen 13 år og oppover.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar