søndag 12. juli 2020

«Sinne» av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

Utgitt av Samlaget 2020

Synne er 15 år og har ADHD. I barneskulen tok ho medisin for å betre konsentrasjonen, men no har ho greid seg utan ei tid. Ho - og folk rundt henne - merkar at ho blir fort sint; jamvel om ho veit at klassekameratane gjer det for å provosere, hender det at det er nok at einkvan på ert kallar henne for Sinne i staden for Synne, så tenner ho på alle pluggane.
Kanskje ikkje så rart då at rådgjevaren på skulen ymtar frampå at Synne burde vurdera å starte med medisin att.
Det rotar seg til for Synne utover i boka. Bestevenninna Torunn trur seg til henne, og fortel at ho er begeistra for den nye guten i klassa, Johan. Og Synne får seg ikkje til å seie at ho og Johan faktisk er i ferd med å bli kjærestar. Då Torunn litt seinare får greie på at Synne og er interessert i Johan, opplever ho det naturleg nok som eit ubegripeleg svik. Synne blir stadig meir redd for å miste Torunn til Kine, som heilt tydeleg er ute etter å "stele" Torunn frå henne.
Som om ikkje dette er nok, er det trøbbel på heimebane og. Faren har flytt frå henne, mora og storebroren, av di han har fått seg ny dame. Synne kan ikkje fordra den nye dama, og då ho får greie på at faren og den nye dama ventar baby, er det meir enn ho klarar å fordøye...

Det er mange referanser til Harry Potter-universet i boka. Trylleformlar, karakterar (som Slur) og fenomen (som brølerar) dukkar opp her og der. I starten tykte eg ikkje dette var så vellukka - det kjendest litt "utanpå" og eg tenkte og at ungdom som les Sinne kanskje vil synes noko av dette blir for barnsleg. Men etter kvart tykkjer eg det høver at Potter-universet er med på ferda. Potter-bøkene er nemleg dei einaste bøkene Synne har lest (eller har fått lest høgt for seg), og det i seg sjølv betyr mykje for henne som stort sett ikkje har hatt konsentrasjon nok til å samle seg om å lese lengre tekstar.

Når eg les denne boka skjønar eg kvifor Synne blir rådd til å vera open om ADHD-en sin. Om ho tidleg hadde fortalt det til klassen, kunne medelevar sikkert forstått meir av oppførselen hennar og kvifor ho stadig havnar i situasjonar; dei kunne vore meir tålmodige og gjett henne meir rom å utfalde seg i.

For ungdom - kanskje gutar vil kjenne seg att og? - frå ca 12 år og oppover.

4 kommentarer:

  1. Flott omtale Randi, denne likte jeg veldig godt, og tenker at den kan funke som "fagbok" for voksne som forholder seg til ungdom med ADHD. Likte også Harry Potter tilsnittet, og tenkte på Sinne da jeg de siste dagene har lest Kjære Edward, her dukker han opp også :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Tine, og takk for kommentar :-)
      Harry Potter har nok preget oppveksten til mange av dagens ungdom. Og betydd mye for lesegleden!

      Slett
  2. Tusen takk for god lesnad. ❤️

    SvarSlett