mandag 6. juli 2020

«Fallesjuke» av Randi Fuglehaug

Utgitt av Kagge forlag 2020

Journalisten Agnes har flytt attende til Voss etter mange år i byen. Dette året startar Ekstremsportveko på Voss ekstra ekstremt, med ein kvinneleg fallskjermhoppar som stupar i bakken og døyr. Det viser seg ganske snart at fallskjermen til den omkomne var tukla med, og politiet startar drapsetterforsking. Agnes kjente den omkomne og venninnene hennar frå ungdommen, og dette i tillegg til at ho har ein god ven som jobbar i politiet, kan gje henne tilgang til viktig informasjon.
Sjølv om redaktøren tek henne av saka, held ho fram med undersøkinga, og sakte, men sikkert sirklar ho inn kva som har skjedd, kva som var motivet, og kven mordaren er.

Det er ganske vanleg at journalistar spelar hovudrolla i krim. Dei er jo flinke til å grave, tenkje utanfor boksen, og ikkje treng dei ta omsyn til dei strikte reglane som politiet må rette seg etter.
Forfattaren er sjølv journalist, og Fallesjuke ser ut til å vera hennar debut som forfattar av skjønnlitteratur for vaksne. Fuglehaug har ei sikker forteljarstemme; tonen er kvikk og litt humoristisk. Persongalleriet blir litt vel stort, handlinga kunne vore meir spennande, men den kvikke tonen og den smått sjølvironiske hovudpersonen er som eit friskt pust og kan åleine bera historia ganske langt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar