fredag 15. november 2019

«Dei sju dørene» av Agnes Ravatn

Gjeven ut av Samlaget 2019

Nina er litteraturvitar, mannen hennar er helsebyråd, og den vaksne dottera er lækjar og ventar no sitt andre barn.
Nina har sagt ja til å stille i ein debatt uten å ha fått førebu seg, og kjem der til å hevde at litteraturvitarar burde jobbe i politiet. For litteraturvitarar kan tolke tekstar og dei har innlevingsevne; viktige eigenskaper for å kunne løyse saker, meiner ho.
Så blir leigebuaren deira plutseleg sporlaust borte, og Nina får dermed høve til å finne ut om litteraturvitenskap kan vera god bakgrunn for etterforsking. For kva i all verda kan det vere som har skjedd med Mari, einsleg mor og talentfull musikar? Det vil Nina finne ut!

Dette er lettlest, fengande og spennande lesnad. Eg greidde eit stykke ut i boka å gjette samanhengen, men likevel skriv forfattaren slik at det kjennes som å ha ei nerve i klem heile vegen medan eg les.
Eg likar bøker som er spennande utan å vera fylde med vald og blod, og dette er ei slik bok.

2 kommentarer:

  1. Det er alltid spennende når en forfatter skriver i en sjanger som ikke er der vi kjenner henne. Jeg har også lest denne, og likte den veldig godt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Tine, og takk for kommentar :-)
      Jeg synes ikke egentlig at hun har flyttet seg sjangermessig med årets roman? Dei sju dørene - synes jeg - er på en måte i samme kategori som Fugletribunalet, der det også er krimelementer, sammen med litteratur/tekster/sagn (og drømmer, synes jeg å huske) som kunne tolkes.
      Men vi kan i alle fall være enige om at boka er bra :-)

      Slett