mandag 3. juni 2019

«Håkon» av Åsmund H. Eikenes

Gjeven ut av Samlaget 2019

Håkon har vore sambuar med Arve i fleire år. No har dei det ikkje så bra lenger, som dei hadde i starten. Arve er vorte meir dominerande, og det hender han er valdeleg. Håkon ber om - med håp om at det kan redde forholdet - at dei skal leva meir fritt, og Arve går med på det, om noko motvillig. Håkon treff andre menn, men ting blir ikkje betre av dette.
Stig er ein av mennene Håkon har møtt på byen, og då han blir kasta ut av Arve, er det hos han det endar. Stig let Håkon få den tida han treng for å heile såra sine, og snart er det desse to som har etablert ei forhold. Stig drøymer om eit roleg A4-liv, berre dei to, for alltid. Akkurat dette er ein draum Håkon ikkje deler med han, og det hender han er i lag med Thomas - en annan mann han har møtt på byen og ikkje får til å gløyme. Nei, han klarar berre ikkje stå imot, endå han veit at utroskap er det siste Stig vil tolerere...

Forfattaren har tidlegare gjeve ut to fagbøker, og dette er den skjønnlitterære debuten hans. Eg tykkjer dette var interessant og engasjerande lesnad, om kjærleik og sex, og kor mykje vanskar som kan fylgje med det å samle eller skilje desse to viktige ingrediensane i livet, etter som det passar.
Miljøet som vert skildra er framand landskap for meg, kanskje nett difor eg tykkjer dette er interessant.
Det er noko med stemninga/tona i romanen som får meg til å tenkje at den og kan passe for ungdom; jamvel om Håkon er 30 år, verkar han noko ung og uferdig i hovudet. Ikkje så rart, kanskje, når han har levd med ein dominerande mann i så mange år.

4 kommentarer:

  1. Denne venter jeg på fra ebokbib, høres ut som enbok jeg kan like og den passer jo fint å lese denne måneden. Så kult at du skriver på nynorsk(heter det der forresten når man snakker om skriving?)når boken er skrevet på nynorsk.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Beathe, og takk for kommentar :-) Eg hadde nynorsk som hovudmål da eg gjekk på skulen, så for meg går det eigentleg like greitt å skrive det eine som det andre. Når eg les ei bok på nynorsk, tykkjer eg det passar å blogge om ho på nynorsk.
      Det blir jo spanande å sjå om du likar boka når du får lånt ho. :-)

      Slett
  2. Liker også veldig godt at du skriver om boka på det målet den selv er skrevet på.
    Ellers er jeg nysgjerrig på denne, det er flott når bøker behandler tematikker vi ellers ser lite av!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Miriamogbok, og takk for kommentar. Jeg er enig i at det er bra med bøker som skiller seg fra mengden, og det synes jeg denne gjør.

      Slett