torsdag 25. april 2019

«Andromeda : ungdomsroman» av Lars Mæhle

Utgitt av Samlaget 2018

Simon - 16 år - har flytta til ein liten dal på vestlandet. Han har fått nye fosterforeldre etter nokre uheldige hendingar der han budde før. Simon havnar i ei klasse der det finst fleire uromoment, men han trur det skal gå heilt greitt å handtera dei. Men så utviklar ting seg noko annleis enn han såg for seg...

Denne ungdomsromanen fenga interessa mi og held den fanga til eg hadde kome meg gjennom om lag to tredelar. Derfrå verka det plutseleg vel tilfeldig korleis ting utvikla seg; det vart for lite truverdig rett og slett, og romanen som eit heile blir som lapskaus - litt av mange ulike ting i ei stor røre. Her er litt kjærleik, skulekvardag med tåpelege lærarar, iblanda ungdomsproblem som mobbing, vald, rus, sjølvskading, og to nerdeinteresser me får eit overflatisk innblikk i - stjernekikking og sommarfuglsamling.

Boka har ein del ytre handling og har godt språk, så det er kvalitetar her, sjølv om eg ikkje likte alt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar