torsdag 3. januar 2019

«Hyttebok frå helvete» av Are Kalvø

Gjeven ut av Kagge forlag 2018

Med undring registrerer forfattaren at han mister stadig fleire av venene sine til naturen. Dei blir heilt hekta på natur, og er stadig i marka og fjellet på fot- eller skiturar, legg ut skrytebilete på instagram og facebook om alle toppar og tinder dei har bestige.
Are er sjølv oppvaksen på landet, men sidan var han liksom ferdig med friluftsliv. Byliv passa betre for ein så sosial fyr som han.
Men no altså, når stadig fleire av venene blir borte frå bylivet, bestemmer han seg for - saman med sambuaren sin - å ta seg ut i naturen. Leite opp venene sine, gjera eit forsøk på å forstå kva det er som dreg og lokkar.

Anten du er friluftsentusiast eller det stikk motsette, så er dette ei særs underhaldande bok, og ei bok til å kjenne seg att i på fleire måtar.
Kalvø vel seg ruter som er populære og godt kjende blant folk, til dømes fottur over Besseggen og skitur over Hardangervidda. Eg har ikkje gått på Hardangervidda, men Besseggen har eg gått, og eg kjenner meg att, ikkje minst hugsar eg fyrste turen, då me nærma oss sjølve eggen. Eg kunne ikkje for alt i verda tru at det faktisk var DER opp vi skulle!
Eg kjenner og att dette konkurranseinstinktet som blir vekt i oss; slik det er om å gjere å ikkje bruke for lang tid på dagens marsj, men koma fram tidsnok til varmtvatn i dusjen og fyrste bordsetning ved middagsbordet, ikkje minst for å kunne skryte i peisestova om kvelden om kor få timar ein faktisk brukte frå A til Å. Det er jo ganske tullete når ein tenkjer etter; når ein fyrst går i slik vakker natur, kvifor ikkje ta det med ro og verkeleg nyte utsikta!?

Denne boka er absolutt anbefalt. Til dømes må ho jo egne seg perfekt til høgtlesing framfor peisen på hytta når du sit i lag med gode vener som er lei av å bli slegne i kortspel og yatzy.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar