søndag 20. mai 2018

«Brevet frå krigen» av Ingunn Røyset i samarbeid med Jorun Emilie Holm Waage

Gjeven ut av Samlaget 2017

I denne fagboka får du vite korleis det var å leve i Noreg under andre verdskrigen. Jorun Holm (seinare gift Waage) vaks opp på Lindøya i Oslofjorden i lag med mor, far, storebror Terje og veslesyster Brita. Då krigen starta var Jorun 12 år, og 17 då krigen slutta. Ho måtte inn til Oslo med båt for å gå på skule. Det siste krigsåret mista ho mykje av undervisninga, då foreldra var redde for å sende henne til skulen - det vart uroleg og mykje hende etter kvart som tyskarane kom på vikande front og heimefronten var aktiv med illegalt arbeid.
Slik Jorun og familien budde til, var det mykje å frykte. Flyalarmen ulte rett som det var; då måtte ein gøyme seg ein stad det var trygt. Dei kunne og sjå og merke krigshandlingar som fann stad inne i Oslo, i form av drønn og ristingar, vindusglas som vart knust, og dei kunne sjå flammer og røyk frå eksplosjonar og brannar.

Jorun - 88 år då boka gjekk i trykken - har fortald til Ingunn Røyse som har skrive boka. Forfattaren har og fått sjå brev og fotografier som Jorun og familien har teke vare på frå krigsåra, og boka er rikt illustrert. I tillegg er det register med ord og omgrep ein kan lure på undervegs i lesinga. Det er og ei kronologisk oversikt over viktige hendingar under krigen, og det er faktabolkar i margen der ein får meir bakgrunnsstoff til ting som blir nemnt i dei ulike kapitla.

Tittelen på boka skriv seg frå eit brev Jorun skreiv til venninna Unni som budde i Oslo, då krigen braut ut. Den tida var det ikkje så enkelt å få gjeve kvarandre beskjedar. Jorun ville nok fortelje Unni at det sto bra til med henne ute på øya, og ynskte å vite om alt var bra med Unni og; då greip ein til blyanten og skreiv brev.
Ho fekk aldri sendt brevet, men har sidan teke vare på det.

Mange har lest og høyrt mykje om krigen, men korleis det eigentleg var i kvardagen til folk, er kanskje ikkje like godt kjent.

Eg tykte dette var ei veldig god bok. Ho er så fin å sjå i, bilete og tekst er sett saman på ein dekorativ måte. Boka er ryddig og enkel i framstillinga, og samstundes nøktern og sakleg: verkeleg ei bok ein kan leve seg inn i.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar