onsdag 14. mars 2018

«Snillionen» av Arnfinn Kolerud

Gjeven ut av Cappelen Damm 2017

Frank og mor har vunne i Lotto – heile 24 millionar!
Det blir snart kjent i bygda kven det er som har vunne så uhorveleg mykje pengar, og mange forventar å få ein bit av premien.
For å få ein stopp på maset, seier mor at den i bygda som er snillast, skal få ein million.
Ein skulle tru dette fekk fram det beste i folk, men om du trur det er så enkelt, må du lesa sjølv og sjå korleis dette går…

Dette var ei fin leseoppleving. Her er mykje humor og ei lett tone, stemninga er god, prega av positiv energi og overskot.

Forfattaren vart tildelt Kulturdepartementets litteraturpris 2017 for romanen.

For gutar og jenter i alderen 9 år og oppover.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar