fredag 30. mars 2018

«Krapyl» av Arild Rein

Gjeven ut av Samlaget 2017

Med desse korte tekstane får me glimtvise innsyn i oppveksten til ein gut som vaks opp på 1960-70-talet. Det hende han fann på spik i lag med kameratar, og opplevde nok av den grunn fleire gonger å bli kalla krapyl.

For meg som er oppvaksen på omtrent same tid, var mange av episodane og scenene til å kjenne seg att i.
Nokre av desse småstubbane har overraskande vendingar, men mange har det ikkje - desse verkar kanskje litt planlause eller uavrunda, men det var vel slik det skjedde berre. Eg får ei kjensle av at dette er verkelegheitslitteratur; at forfattaren skriv om seg sjølv og eigen barndom.

Språket er enkelt. Eg får ein ide om at boka kan nyttast til ungdom som søker seg over i vaksenlitteraturen. Og er ein interessert i å vite korleis det var å vekse opp på denne tida, er det mogleg å finne ut litt ved å lese Krapyl.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar