onsdag 28. mars 2018

«1000 dagar» av Inger Johanne Sæterbakk

Gjeven ut av Aschehoug 2017

Johanna har ein verkeleg god ven i Georg. Han er trygg og fin, ho har jo kjent han heile livet. Men så - rett før dei skal byrje i ungdomsskulen, ser dei katten hans og katta hennes para seg. Georg tykkjer det er naturfaglig interessant og ser på med entusiaske, store auge, medan Johanna berre blir full av flaue, negative kjensler. Då Georg nokre dagar seinare med fynd og klem fortel om denne katteknullinga i naturfagtimen, får ho nok. Ein slik flau fyr! Ho avgjer at Georg og ho skal ha pause som vener, til etter ungdomsskulen er over. Altså 1000 dagar. Det er lenge, men det får gå. Dei kan jo begge finne seg andre vener så lenge...

Dette er ei fin og humoristisk bok om pubertet, om overgangen frå barneskule til ungdomsskule, og om kor verdifulle gode vener er.

For gutar og jenter,  frå 11-12 år og oppover.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar