torsdag 4. januar 2018

«Hest, hest, tiger, tiger» av Mette Eike Neerlin

Omsett av Brit Bildøen
Gjeven ut av Samlaget 2017

Honey si storesyster er hjerneskada, og sjølv er ho fødd med leppe-ganespalte. Så Honey hevdar straks - i opninga av boka, og slår her an med ei sjølvironisk tone - at mora ikkje kan seiest å ha vore spesielt heldig med ungane sine.
Honey har ein tendens til å havne i situasjonar der ho ikkje får framstilt seg rett, eller regelrett lyg, då ho for all del vil unngå at det skal bli for pinleg for den eller dei ho er i situasjonen med. Slik kan ho kome til å havne på heilt feil buss, på kurs i kinesisk berre fordi ho skal hente passaren sin som ho har gløymt i klasserommet, eller ho kan kome til å bli besøksvenn til ein gammal mann som ventar på å døy. Det viser seg heldigvis at slike tilrota situasjonar fører mykje bra med seg, både i form av lærdom, opplevingar og vennskap...

Dette er ei skikkelig fin og artig bok, ekstra bra blir det jo sidan ho og har ei alvorleg undertone. Lettlest, variert og godt språk. Anbefalast for både gutar og jenter, frå 9 år og oppover; NB: ungdom og vaksne kan og ha stor glede av denne!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar