fredag 29. desember 2017

«Dumme, dumme hjarte» av Linda Klakken

Gjeven ut av Samlaget 2017

Klara er 12 år. Heime går faren og er molefonken og utanfor etter at mora er reist frå dei og har fått ny kjærast. Klara finn ut at ho må hjelpe faren med å finne ein ny kjærast, så blir han vel i humør att. Ho må vel få til å hjelpe han, sjølv om ho synest kjærleik er noko upåliteleg herk. På skulen er det og kjærleik i lufta på alle kantar, ganske ekkelt det heile. Berre tanken på å kysse ein gut gjer Klara kvalm! Så ho for hennar eigen del må gjerne vente lenge med desse kjærast-greiene.
Men så byrjar det ei ny jente i klassen - Marie. Ho dansar nydeleg ballett og er berre heilt nydeleg sjølv og. Det går ikkje så lang tid før Klara får ein litt annan haldning til kjærleik, og kanskje får ho lyst til å kyssa og?

Til å vera ei relativt stutt barnebok, har forfattaren våga seg på eit stort person/typegalleri og tilhøyrande mange kjærleikspar/kjærleikshistorier. Ofte kan det bli uoversiktleg og rotete med mange personar på lita flate, men Klakken har greid løyse dette på ein fin måte. Synsvinkelen ligg hjå Klara, og ho er eit fyrverkeri av ei jente, rappkjefta, med herleg humor og sprelske påfunn - eg berre elska humøroverskotet boka er tytfull av. På sett og vis kan ein sjå boka som feelgood for barn, men det er og alvorlege tema under overflata som engasjerar og grev djupare.

Boka er antakeleg mest for jenter, frå 9 år og oppover, men det kan jo vera at einskilde gutar og vil kjenne seg att i slike kjærleiksintriger?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar