mandag 2. oktober 2017

«Premien for alt» av Ingvild Holvik

Gjeven ut av Samlaget 2017

Mali er 79 og bur heime på same garden ho flytte til den gongen ho gifta seg med Per. Per er no død for lengst, og no skrantar helsa hennar, så ho skal - noko motviljug - bu ei periode på sjukeheimen medan ho rekonvalesentar og trenar seg opp. Det er ikkje stort å sysle med på sjukeheimen, så ho får god tid til å tenkje attende på livet ho har levd. Ho minnest mor, som ikkje var noko kjærleg, som ein kan undrast på kanskje fekk Mali som ei erstatning for den fyrste jenta deira som døydde berre to år gamal. Mali tenkjer og på tvillingane ho mista i spontanabort, og Thomas som ho til slutt fekk då ho var godt oppe i åra. Kor fin og søt han var, kor høgt ho alltid har elska han, men kor vanskeleg det likevel kan vera å vera ei kjærleg og støttande mor.

Denne romanen var litt vanskeleg å koma inn i, då forfattaren vel å stige rakt inn i Mali sitt liv der ho akkurat no står, byrjar å fortelje om folk og omgjevnader utan å presentere dei - som om ho ikkje har tanke for at me som les treng ei slags innføring i Mali og kvardagen hennar. Kjensla eg fekk minner litt om kjensla du kan få når du sit i eit lag, og to-tre stykke byrjar prate om nokre dei kjenner, men som du aldri har høyrt om. Interessante observasjonar og tankar ofte, men ikkje heilt det likevel, når du ikkje anar kven dei pratar om. Forfattaren kunne vald å gå litt saktare fram, og introdusert personar ein eller få om gongen, slik at lesaren lettare fekk henge med.
Mykje plass blir og vigd til soga om spesialskulen på Lægerøya, og syskenbarnet Johan, som budde på øya, prøvde å rømme derifrå og omkom i forsøket. Spanande og opprørande historie, som dessutan er inspirert av ein institusjon som faktisk har eksistert, men eg tykkjer dette kunne vore stoff til to ganske ulike romanar, i staden for på ein måte å bli to halve romaner i eitt, der samanhangen mellom dei to halvdelane kjennest noko påtvunge.

Men eg leste heile boka til endes, og med interesse. Dette er godt skrive, og korleis det kjennest å vera gamal og ikkje ha all verda å sjå fram til, får forfattaren fint fram.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar