mandag 30. oktober 2017

«Keeperen og havet» av Maria Parr

Gjeven ut av Samlaget 2017

Me møter att Trille og Lena frå «Vaffelhjarte» (2005). Boka startar sommaren før dei skal byrje i sjuande klasse. I huset til Oppoverbakke-Jon har det flytt inn ein nederlandsk familie, og jenta der, Birgitte, er like gamal som Lena og Trille. Birgitte er heilt annleis enn Lena; Birgitte er lys, forsiktig og leitar liksom fram det gode i alle, medan Lena er mørk, brå og har ein kritisk tilnærming til det meste.
Kai-Tommy frå klassa ser også ut til å like den nye jenta, så Trille syter for å vera litt frampå. Han brukar mykje tid og krefter på å halde kontakten med Birgitte varm og for å sikre seg at ikkje Kai-Tommy innsmigrar seg for mykje. Diverre ser det ut til å kunne bli vanskeleg å vera besteven med både Birgitte og Lena samstundes...

Eg storkoste meg med denne boka. Her er det variert og godt språk, mykje handling og humor, og eg får møte att alle eg vart kjent med i Vaffelhjarte og er så glad i - ja, bortsett frå tante-farmor, sjølvsagt, som diverre ikkje lever lenger.

Om eg skal vera frykteleg kritisk, så tykkjer eg kan hende at forteljarstemma - sjølv om ho er ordrik og variert som var det ein vaksen som fortalde - er hakket for ung til å tilhøyre Trille, no 12-13 år gammal. Det er vanskeleg å setje fingeren akkurat på kvifor eg får for meg at han ikkje har utvikla seg sidan forrige bok, men på ein måte verkar stemma no for lys til alderen.
Eg får og ei kjensle av at Parr skriv om ei tid som er forbi, medan ho vil me skal tru at handlingen er lagt til notida. Rett nok er det nevnt ein og annan mobiltelen, men dei er ikkje særleg i bruk hjå dei unge. Det kan vera Parr skriv om eigen barndom, og tenkjer ho må spe på med ein mobil eller to for å setja oss på tanken om notid? Spørsmålet er om det held til å gjera miljøet heilt truverdig? Men bra sjølvsagt, at Parr skriv om ungar som er sosiale, treff kvarandre og finn på ting i verkelegheita, ikkje berre sit på sosiale nettstader og deler bilete.
Og sidan eg er i det kritiske hjørnet: Kunne ein ikkje tenkt seg eit omslag og ein tittel som verka litt meir spenstig og pirrande? Inntrykket er noko blasst og gamalmodig, tykkjer eg - spelar ikkje heilt på lag med det fargerike og humoristiske innhaldet.

Men kritiske kommentarar til side: Denne boka ga meg ein skikkeleg god lesestund!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar