tirsdag 1. august 2017

«Det gode vi ikkje gjer» av Ragnhild Kolden

Utgitt av Samlaget 2017

Selmas trygge tilvere vert truga då Paul Lund dukker opp att i bygda, nærare bestemt i eit av nabohusa. Selma har eit agg mot Paul; ho melde han til politiet for nokre år sidan, etter at dottera hennar sa han hadde forgripe seg på henne. Paul vart frikjend og forsvann frå bygda, men Selma veit då godt at det å verta frikjent ikkje er det same som at han er uskuldig! Dottera slit psykisk og lever for tida på institusjon; Selma er aldri i tvil om kven som har skulda for det.
Fleire prøver å seie til Selma at Paul ikkje er nett slik ho trur, men det bit ikkje på henne. Ho tek etter kvart saka i eigne hender for at rettferda skal få råde, og det ho gjer er uoppretteleg...

Denne romanen er spanande på ein fascinerande ubehageleg måte. Synsvinkelen ligg hjå Selma, men den som les ser fleire sider av saka enn det ho gjer - ho har skylappane på, og det har ikkje lesaren. Eg kvepp fleire gonger av kva Selma kan få seg til å gjere.

Eg har ikkje lest noko av Ragnhild Kolden før, men etter dette fekk eg verkeleg lyst til å ta ein kikk på fleire av bøkene ho har skrive.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar