tirsdag 14. mars 2017

«Svart belte» av Marianne Clementine Håheim

Utgjeven av Oktober forlag 2015

Me får ikkje veta namnet til jenta i romanen. Som trettenåring har ho sommarjobb på hotellet, kan hende er det der ho får nokre idear, eller ho har hatt dei tidlegare: Ho utviklar i alle fall ei eteforstyrring. Til slutt er det så ille med henne at ho må sendast på institusjon.

Styrken i denne romanen er korleis forfattaren greier å vera heilt på lag med denne jenta og vera heilt inne i dei forstyrra tankane hennar. Det gjer vondt å lese, for dette er heilsvart.
Lesaren finn ingen forklaring på kvifor jenta byrja å svelta seg, og kvifor ho held fram med det. Kvifor set ho den sterke vilja si på eit slikt håplaust og øydeleggjande prosjekt?

Romanen er for vaksne. Eg spør meg: Kven kan ein anbefale boka til? Ikkje dei som har ei eteforstyrring, men til dei som ynskjer å setja seg inn i korleis det kan opplevast å ha det. Om dei orkar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar