fredag 22. juli 2016

«Ungdomsskulen» av Heidi Furre

Gjeven ut av Flamme forlag 2016

Me følgjer venninnene Maja, Maria og Pelle gjennom ungdomsskulen, aller mest følgjer me Maja, som har forteljarstemma i boka. Det er vanskeleg å lage noko handlingsreferat av romanen, best er det om du les sjølv!

Eg trur mange kan kjenne seg att i denne romanen; kjensla av gru og glede ein har då ein startar på den kronglete vegen frå barn til vaksen. Kjensla av å driva med i straumen, alltid prøve å tilpasse seg, for alt i verda ikkje skilje seg ut, til ein finn ut at skilje seg ut er nett det ein skal. Den merkelege pliktoppfyllinga til å stille opp til alle timar, same kor meiningslause dei verkar, og pugge til prøver, utan heilt å ville, utan heilt å forstå poenget, det er berre slikt ein må og skal. Og så sakte går det opp for ein at livet kan dreie seg om noko meir ein pugging, karakterar og førebuing til vidare utdanning, ein og annan oppdagar at det er eit liv utanfor skulen.
Boka får fint fram korleis lausrivinga kan gå føre seg, og at det sjølvsagt finst fallgruver...

Dette er ein roman om ungdom for vaksne, men eg trur og at ungdom kan synes dette er interessant lesestoff.

2 kommentarer:

  1. Denne fekk eg i gåve, og gler meg veldig til å byrja :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Signe, og takk for kommentar! Ja, denne kan du glede deg til :-)

      Slett