søndag 10. april 2016

«Spring for livet : slik blei eg frisk» av Kristin Roset

Gjeven ut av Samlaget 2016

Kristin Roset, journalist og tidlegare lovande mellomdistanseløpar, fortel i denne boka om dei mange og vonde åra ho sleit med eteforstyrringar. Ein litt sleivete kommentar om kroppen hennar vart starten på fleire år med anoreksi, bulimi, ortoreksi og pillemisbruk. Fyrst i 2010 fekk ho hjelp som monna, og greide å bli frisk. I dag har ho det godt, har blitt mor, og gjennom bloggen sin - Springerinne - samt foredrag om idrett og eteforstyrringar, er ho til hjelp for andre som slit med forstyrra tilhøve til mat og trening.

Dette er ei modig og viktig bok om eit tema mange veit for lite om. Roset skriv godt. Framstillinga er ærleg, nøktern og sakleg, som lesar vert eg sterkt berørt, kan kjenne fortvilinga og håpløysa frå dei tunge åra, på same måte som eg blir rørt og glad for kvart steg ho har teke på vegen attende til eit godt og fritt liv, med sunt og naturleg tilhøve til mat og trening.
Roset har råd til den som slit, slik ho sleit, men og til dei som er rundt - familie, vener, trenarar.

Eteforstyrring er ein sjukdom ingen vel å få. Det er ein psykisk sjukdom som kan ramme den ein minst venta skulle få han. For mange er det forbunde med skam at dei har slike vanskar med maten; dei fornektar både for seg sjølv og andre at dei har problem. Difor er det viktig at dei som er rundt skjønar alvoret og er til støtte for den sjuke, slik at ho eller han får hjelp til å forstå AT dei har eit problem. At det ikkje er noko skam å be om hjelp, for dei MÅ ha hjelp.

Boka gjev innsikt i kva det vil seie å ha eteforstyrringar, kor mykje det er til hinder for å vera sosial, for ein eteforstyrra har det ikkje godt om ho eller han er åleine, eller saman med andre.
Men kanskje det viktigaste denne boka formidlar, er håpet. For det går an å bli frisk. Ein kan bli kvitt eteforstyrringar og gå tilbake til eit vanleg og godt liv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar