torsdag 7. januar 2016

«Ni dagar i veka» av Kristin Helgeland

Gjeven ut av Vigmostad Bjørke 2015

Miriam har det trasig heime; mann og born (som Miriam i sitt stille sinn kallar bølingen) tek henne som ein sjølvsagt ting, forventar at ho skal varte dei opp og yter null attende. Ikkje så rart då, kanskje, at Miriam byrjar sverma for ein kollega som ho har dansa tett med på ein personalfest. At dei er gift på kvar sin kant fungerar som brems i starten, men greier dei å motstå kvarandre i det lange løp?

Eg leste denne romanen med interesse, langt på veg. Det som held interessa mi fanga, er nok i hovudsak Miriam sjølv. Eg ser henne for meg (ho verkar truverdig), og ho er av typen eg blir usikker på kva kan finne på i neste kapittel. Då må eg jo heile tida lesa vidare, ikkje sant?

Avslutninga tykkjer eg er romanens svake punkt, då spenningskurva flatar ut ei god stund før romanen sluttar, og alt som er tumla opp av gadd vert berre skyfla saman og dyssa ned att utan at det vert noko ordentleg greie på ting.

Dei to mennene i Miriams liv vert veldig svart/kvitt-framstilt, dei framstår som nesten parodisk enkle. Det kan vera forfattaren vil setja på spissen for å få oss engasjerte og for at me aldri skal vera i tvil om kven si side me skal stå på, men det blir i overkant for meg, litt vanskeleg å tru heilt på.

Dialogane - spesielt mellom Miriam og elskaren - kunne og forfattaren ha sett meir på; dette vert for meg stivt og unaturleg.

Ni dagar i veka er eit debutant-arbeid. Mykje bra her, men med ein del ting som trekk ned kan ikkje romanen få toppscore av meg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar