torsdag 14. januar 2016

«Glimt» av Tor Arve Røssland

Gjeven ut av Samlaget 2015

Jon og mor hans har nett flytt til den vesle øya Grovøy. Det er sommarferie, men Jon oppsøkjer ungdomshuset i bygda. Der treff han Finn, som har ein finger med i litt av kvart på øya, han viser seg å vera lærar på skulen blant anna. Og han møter jevnaldringane Alex, Petter og Rebekka, som spelar i band saman. Dei øver masse i ungdomshuset, men må kvar kveld ut før klokka 19.33. Kvifor det, undrast Jon. Snart nok får han vite...

Denne ungdomsromanen er ein blanding av historisk roman og grøssar. Kapitlene vekslar mellom Jon sine opplevingar i notid og ei ungjente ved navn Solveig sine opplevingar under andre verdskrig. Smått om senn får me greie på kva som skjedde under krigen som var så frykteleg at energien frå denne augneblinken aldri har feida heilt ut, men ligg att som ein skjør film som enno den dag i dag kan opplevast av dei som oppheld seg i ungdomshuset til rette tidspunktet.

Eg tykte dette var spennande ei god stund. Men då det nærma seg slutten på historia og oppklaringa vart lagt i dagen, så var eg ikkje like nøgd. Kan hende hadde det vore betre om ting ikkje vart oppklart og så grundig FORklart? Kanskje historia kunne enda med trådane lause og eg hadde vorte sitjande att med grøssen i meg?
Eg likte boka, men eg hadde nok likt ho endå betre om forfattaren hadde vist og vektlagt kjensler i større grad enn han brukar ord og plass på å forklara fenomen i handlinga.

Ut frå språk og utføring får eg ei kjensle av at dette er ein roman som er skriven og avlevert litt for fort. Forfattar og forlag kunne samarbeidd om å skvisa sitronen litt betre, det er mi meining.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar