torsdag 28. januar 2016

«Bouvetøya 2052» av Lars Mæhle

Gjeven ut av Samlaget 2015

Fem ungdomar deltek i ein klimakonkurranse på liv og død.
Åstad: Bouvetøya, og året er 2052.
Konkurransen blir overført live på nettet, og den som vinn kan få ein stor pengesum. Alle fem kan uansett vera med på å endre jordas framtid.

Eg tykte settingen for historia var spennande. Bouvetøya er ein eksotisk stad å leggja handlinga til, og realityTV (eller reality overført på nett) er noko me kjenner og har eit forhold til. Sidan konkurransen i Bouvetøya 2052 kan vera på liv og død, får ein assosiasjonar til Dødslekene, men den boka har eg ikkje lest, berre sett fyrste filmen, og kan ikkje seie noko om likheiter og skilnader, eg berre konstaterer at ideen som ligg til grunn for denne romanen nok ikkje kan seiast å vera hundre prosent original.
At romanen tek for seg temaet miljø, tykkjer eg er fint. Det bør vera eit heitt tema i vår tid, og eg trur det er mange ungdommar som engasjerar seg i dette viktige spørsmålet.

Eg tykte boka var spennande, men eg har nokre innvendingar til gjennomføringa. Utgangspunktet, rammene for historia er så lovande; eg tenkjer forfattaren skulle ha fargelagt, fantasert og "herja" så mykje meir enn han gjer. Eg hadde rett og slett forventningar om så veldig mykje meir; sitronen er ikkje meir enn halvpressa!
Ikkje misforstå: Det skjer plenty av spennande ting her, men diverre blir handlinga bremsa, og spenninga fislar ut, for forfattaren fell for å ta inn klisjeprega framstillingar av hovudpersonen sine tankar og kjensler der det hadde vore betre å overlate til lesaren å kjenne etter, heller nøye seg med å skildre enkelt og rett ut kva som foregår.
Våg å leggje meir mellom linene, hugs å vise meir enn fortelje/forklare, stol på at lesaren kan kjenne sjølv kva kjensler som vekkast, ut frå bilete og scener du legg fram; det er rådet mitt.

Men romanen skal heilt klart anbefalast til ungdom, både gutar og jenter, i alderen 13 +

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar