søndag 21. juni 2015

«Kjære søster» av Alf Kjetil Walgermo

Gjeven ut av Cappelen Damm 2015

Amalie, veslesystera til Eli Anne, er død. I ei tung og vanskeleg tid finn Eli Anne noko trøyst i at facebook-profilen til Amalie endå finst. Alle venene er fjerna, og profilen skal Eli Anne sletta etter kvart, men det er nesten som ei begraving, så det må vente litt.
Det er berre Eli Anne som kan sjå Amalie sin profil, og ho skriv på veggen hennar alt ho ikkje greide å seie til Amalie medan ho levde.

Det er ikkje så uvanleg i dag at facebook-profilar står att ei stund etter at menneske er døde, og vener av avdøde skriv helsingar der, retta til den døde, som om denne kan sjå det som vert skrive.
Det kan vera mange som sit att etter dødsfall, med ting dei gjerne skulle sagt avdøde før det var for seint, så vinklinga forfattaren har vald verkar korkje usannsynleg eller søkt.

Boka er engasjerande og lettlest, men kanskje litt i stuttaste laget til at eg rekk å bli ordentleg kjent med jentene romanen handlar om.
Men det er vel ikkje den verste kritikken ein kan gjeva ei bok; at ho er for stutt? ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar