mandag 11. mai 2015

«Eksperimentet» av Harald Nortun

Gjeven ut av Samlaget 2015

Tvillingane Amund og Amanda skal vitje besteforeldra som bur på Sørlandet. På toget nedover kjem Amund på at det kunne ha vore moro å prøve eit eksperiment; besteforeldra ser dei jo ikkje så ofte, går det kanskje an å lure dei til å tru at Amund er Amanda og omvendt? Amund har litt lyst til å bli skodespelar, og dette kan vera ein fin ting å øve seg på.
Det vesle, uskuldige eksperimentet blir til ein større og alvorlegare ting; det skjer nemlig saker som gjer at dei ikkje får til å avslutte rollebytet nett då dei har tenkt…

Dette er ei god og lettlest bok om kjønnsroller kontra individualisme. Ein får mangt å tenkje over etter å ha vore med i dei ulike episodene tvillingane havnar i.
Kvifor er det slik at einskilde ting er det heilt OK at jenter gjer, men om ein gut gjer det same vert han sett rart på, kanskje erta eller stengt ute?
Kvifor er det forventa at gutar skal vera tøffe, møte alle utfordringar utan å blunke, medan jenter får lov til å attre seg og vera forsiktige utan at dei blir sett på som pyser av den grunn?


Det er Amund som har forteljarstemma i denne boka, som passar for jenter og gutar i alderen ca 9-13.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar